Veterinærkiropraktikk, akutthjelp, indremedisin og halthetsutredning på fjellet.

AKUTTHJELP UTANFOR OPNINGSTID RING
48 08 95 91

Fjellveterinæren er ein triveleg liten dyreklinikk lokalisera mellom Hovden, Vågslid og Rauland. Med få og engasjerte tilsette er me opptekne av tryggleik og personleg oppfølging.

«Eg drøymde om ein stad der eg kunne gje av meg sjølv til dyra, slik at både dyr og eigar kan få best mogleg livskvalitet.» Tanken er alltid: «Kor mykje må eg kunne lese av dei små signala dyra gjev for å kunne gje best mogleg behandling? »Når ein bekymra dyreeigar kan senke skuldrene, roar dette samstundes ned dei firbeinte. Me fokuserer på å bruke god tid istadenfor å haste igjennom slik at det vert stressande for dyr og eigar.

Veterinærkiropraktor, Oddrun Runde, har stor kompetanse og personleg erfaring med dyr som får eit betre liv med hjelp av veterinærkiropraktikk. Alt frå den erfarne jakthunden som vart haltfri og kunne halde fram ut sesongen, til den vesle selskapshunden som aldri hadde klart å vaske seg bak. Sistnemnde klara både å vaske seg og stupe kråke etter berre tre behandlingar med veterinærkiropraktikk.

«Ofte vert eg rørt, og eigar kan få ei tåre i augekroken etter me ser dyret sitt svar på behandlinga.»

Mandag 08-16
Tirsdag 09-18
Onsdag 09-16
Torsdag 09-16 – kun butikk eller etter avtale
Fredag 08-15

Kontaktinformasjon

Fjellveterinæren

Me ynskjer å forstå kva du tenkjer problemet er, og gjere det me kan for å hjelpe. Då er det viktig for oss å diskutere kva som er best for dyret, kva som er økonomisk mogleg og eventuelt sende vidare til spesialistar om nødvendig.

I tillegg til veterinærkiropraktikk utfører me akutthjelp ved sjukdom og skade, generelle helsesjekkar, vaksinasjonar, tannbehandlingar, chip, kastrering, sterilisering, røntgen og ultralyd. Me har òg laboratorie der me kan køyre eit breitt spekter av ulike diagnostiske blodprøve analyser. Vår andre veterinær, Ingvild Ose Askvik, er ein dyktig indremedisinar som verkeleg står på for å kome fram til rett diagnose og behandling. I tillegg har me ein assistent som assisterer oss i det daglege.

Me ynskjer at både eigar og dyr skal glede seg til å kome tilbake til oss!

For meir informasjon om tenestar, kampanjer, prisar og faktainnlegg, sjå vår heimeside www.fjellveterinæren.no

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO

Fjellveterinæren har ikkje nettstad!

Booking via e-post eller telefon.