Vennebakken
Vennebakken - for alle våre små og ivrige gjester!
Vennebakken
Vennebakken ligg fysisk adskilt frå resten av anlegget for å skjerme borna frå dei andre skiløparane. Her finn borna mange kjekke utfordringar med ulik dugleiksgrad. Det finst ulike høgder hopp, broer som også kan brukast som tradisjonelt orgeltramp, det vil seie ein fot på broa og ein i bakken, tunnelar, tradisjonell slalom etc.
Her finn du også den nye Vennestua, der det vil vere mogleg å varme seg, teikne eller sjå på Venneby-filmar. I Vennebakken kan du ut i sesongen møte Apa, Ted og Elfie fra Vennebyen.
Vennebakken ligg i tilknytning til Tyrvelidhallen der ein har god oversikt over aktivitetane i barneområdet frå terrassen.
Vennebakken er primært tenkt for dei minste opp til 10 år, då utstyret er dimensjonert for denne aldersgruppa. Bakken er ubetjent, dvs. at far eller mor må vere i nærleiken av borna ved bruk.
