Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


Aktuelt

8 jan 2018

Frå 2018 har me inngått eit nytt samarbeid mellom tre turrenn i fjellregionen i Telemark og Agder. 

27 mars 2017

Audun Svartdal, skiteknikkekspert og tidlegare landslagstrenar for skiskyttardamene, var ikkje i tvil då han uttala seg i det niande internasjonale turrennet på Haukelifjell.

25 mars 2017

Juryen har no synfart løypene og melder om fine forhold i løypa akkurat no. Men det er meldt aukande vind på ettermiddagen og juryen ynskjer difor kortare løpstid. Haukelirennet blir korta ned til 18 km.

24 mars 2017

Grunna vindvarselet besluttar juryen i kveld å kutte traseén vest for fyrste matstasjon. Det mest sannsynlege ut frå vêrforholda i kveld og vêrprognosa for morgondagen er ei 32-kilometer løype på 2x15 kilometer pluss nedfarten mot mål.

24 mars 2017

Om du melder deg på rennet no og meiner du bør liggje i denne seeda gruppa, må sende dokumentasjon på dette til rennleiar trond.flothylSPAMFILTER@haukelirennet.no <trond.flothylSPAMFILTER@haukelirennet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) innan kl 15. 00 i dag

20 mars 2017

Fredag 24. mars inviterer teknikkekspert Audun Svartdal, som tidlegare var trenar for kvinnelandslaget i skiskyting, alle ungdom mellom 13 og 16 år til fristilteknikk-trening med skøyteski i Haukelifjell skisenter. 

20 mars 2017

Det er ikkje langt frå kvite vidder på Haukelifjell til kvite strender i syden – meld deg på i trimklassa i Haukelirennet og vinn reisegåvekort!

For å sikre alle løparane i den krevjande nedfarten mot mål, har me i år delt løypa i to parallelle løp frå toppen og ned til siste sving før målgang. 

Ungdomsrennet har tidlegare vore inndela i to klasser, men etter gode og konstruktive tilbakemeldingar vil me i år dele jenter og gutar inn i aldersbestemte klasser på alle trinn frå 12 til 16 år.

Heile 1261 små og store deltakarar i ulike aldrar gjorde dagens Haukelirenn til den største ski- og folkefesten i Haukelirenn-historia.

5 april 2016

Haukelirennet er stolte av å ha det lokale utbyggjarfirmaet Vågslid AS som sponsor dei neste tre åra.

4 april 2016

Me er så heldige at eliteløperane blir med oss i Vennerennet i år også. Om ein av dei er din store helt kan du berre gle deg - det er trass alt ikkje kvar dag ein går på ski saman med verdselita!

3 april 2016

Fyrstkomande fredag kveld inviterer Haukelirennet unge skiløparar (13-16 år) til teknikktrening med suksesstrenar Audun Svartdal og eliteutøvarane Sjur Røthe, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Ragnhild Haga, Pål Golberg og Sindre Bjørnestad Skar. 

30 mars 2016

Vinteren er på hell, men det er framleis mogleg å konkurrere i høgfjellet ved Haukelifjell skisenter. Laurdag 9. april går startskotet for årets Haukelirenn.

8 mars 2016

Vennerennet er eit gratis arrangement for born i aldersgruppa 2-12 år. 

Delta i Haukelirennet sin jolekalender på facebook - https://www.facebook.com/Haukelirennet - og vinn flotte premiar!

11 april 2015

Tett opp mot tusen store og små gjennomførte ulike distansar i Haukelirennet laurdag.

10 april 2015

Skiinteressert ungdom fekk i kveld eit motivasjonsboost i møte med Astrid Uhrenholt Jacobsen, Sjur Røthe og Chris Jespersen og teknikktrenar Audun Svartdal.

Det er IKKJE langt frå Haukelirennet til syden - meld deg på i trimklassa (utan tidtaking - gå så langt du vil) og vinn reisegåvekort!

6 april 2015

Dei har også med seg fleire andre kjente personar, til dømes Chris Jespersen, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Sjur Røthe vil gå saman med borna i Vennerennet. Meld deg på til elin.kvammenSPAMFILTER@haukelirennet.no <elin.kvammenSPAMFILTER@haukelirennet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) og bli med oss på ein morosam skidag!

6 april 2015

Haukelirennløypa har vore rein nytelse heile påska, og komande helg brakar det laus igjen. Fredag 10. april kl. 19.00 inviterer Haukelirennet unge skiløparar frå 10-16 år til «Toppmøte» med Sjur Røthe, Chris Jespersen og Pål Golberg på loftet Haukelifjell skisenter.

22 mars 2015

I Haukelirennet 11. april går ungdomsløparane ut frå start rett bak elitepulja med namn som Røthe, Jespersen og Jacobsen. - Fantastisk høgfjellsnatur og møte med verdsstjerner er ein flott motivator, seier rennleiar Trond Neri Flothyl.

18 mars 2015

11. april er fem-milsvinnaren frå Kollen sist helg, Sjur Røthe frå Voss, nok ein gong på startstreken i Haukelirennet. Han er einaste herreløpar som har vunne rennet to gonger.

Laurdag 11. april er det klart for Haukelirennet. Det 32 km lange turrennet i fristil har fått godt fotfeste og solide skussmål i turrenn-samanhang.

14 feb 2015

Gaute Kvåle, frå nabobygda Røldal, gjekk ankeretappa då det norske laget tok bronsemedalje i junior-VM i Almaty, Kasakhstan sist helg. Haukelirennet gratulerer!
Foto: www.langrenn.com

31 jan 2015

2015. Sola har snudd og vêrgudane har vore svært gavmilde med råvarene så langt i år. Løypekøyrarane står på og legg til rette for mange flotte skiturar på høgfjellet.

7 april 2014

Det blei ein flott og inspirerande kveld då åtti unge (og litt eldre) fekk møte toppløparane Chris Jespersen, Pål Golberg, Sjur Røthe og Tord Asle Gjerdalen i Haukelifjell skisenter fredag kveld før Haukelirennet.

7 april 2014

Det blei ein hard kamp om fyrsteplassen i herreklassa, medan Tuva vann overlegent i dameklassa.

6 april 2014

Tett opptil 1000 små og store langrennsløparar deltok i det sjette Haukelirennet laurdag 5. april 2014. 

4 april 2014

Her finn de detaljert smøretips frå SWIX.

Hugs at SWIX også har smøreservice på Haukelirennet.
Her kan du få gode råd og tips for å gjere skituren best mogelg - velkomen innom!

24 mars 2014

Det er svært gode snøforhold i fjellet og løypemannskapa er godt i gang med den 32 kilometer lange Haukelirenn-traseen. 

Foto: Ted Erik Botn

23 mars 2014

Korleis kan du nå dine mål og draumar ved å trene målretta og riktig? Dette kan du få svar på når Haukelirennet saman med tidlegare landslagstrenar i kombinert og teknikkekspert Audun Svartdal inviterer unge utøvarar til eit spennande møte med toppløparane Tord Asle Gjerdalen, Sjur Røthe, Chris Jespersen og Pål Golberg kvelden før Haukelirennet.

23 mars 2014

Haukelirennet betyr skileik for alle! Er du meir glad i alpinski enn langrennski? Ingen blir utelukka frå Haukelirennet – meld deg på i trimklassa og kjøp dagskort i Haukelifjell skisenter til spesialpris, kr 220,- (veil. 370,-).

20 feb 2014

Magnus Krog frå Høydalsmo sikra seg nok ei medalje i Sotsji då han tok OL-gullet i kombinertstafetten i dag. Foto: Geir Olsen/Scanpix

- Endeleg er det kvite gullet så smått attende i terrenget, og gjer om skog, berg, fjell, dalar og vidder til arenaer for herlege skieventyr, opplyser Kristin Person til Langrenn.com, fra turrennet som opplever meget sterk vekst.

29 april 2013

Er 32 kilometer litt i lengste laget for deg som er 15 til 17, og vil du mellom 12 og 14 også vere med på moroa? Sjølvsagt har Haukelirennet eit tilbod for alle. 

16 april 2013

Her kan du nyte bildene frå folkefesten på Haukelifjell sist laurdag.

13 april 2013

Astrid Uhrenholt Jacobsen og Tord Asle Gjerdalen vann Haukelirennet. I nedfarten ned mot mål var det Petter Northug, Sjur Røthe og Tord Asle Gjerdalen som kjempa om pallplassane.

12 april 2013

Det blir stor folkefest i øvste del av Vinje når Petter Northug står på startstreken i Haukelirennet kl 12.30 i morgon! (Foto: nettavisen.no)

6 april 2013

13. april blir det action i løypene når mellom andre Astrid Uhrenholt Jacobsen, Tuva Toftdahl Staver, Tord Asle Gjerdalen, Sjur Røthe, Chris Jespersen, Anders Aukland, Magnus Krog, Gudmund og Ole Morten Storlien stiller til start på Haukelirennet!

6 april 2013

Vennerennet nærmar seg og Apa øvar seg på ski. Han synest det er litt vanskeleg, for dei store føtene hans gjer at han mistar balansen rett som det er. 

2 april 2013

Vinnaren av Haukelirennet 2011 er nok ein gong klar for langløp på Haukelifjell 13. april.

5 feb 2013

Fjorårsvinnar i Haukelirennet, Kristin Størmer Steira synte musklar og vann prøve-OL i Sotsjii denne helga.  Haukelirennet gratulerer!

11 des 2012

I helga var det opningsrenn for region sør på Hovden. Der stilte også Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo IL som er ein av landets beste juniorløparar. (Foto:varden.no)

7 des 2012

No er traséen over Vågslidtunnelen preppa og er klar for å ta imot store og små langrennsentusiastar.

1 des 2012

Sjur Røthe etablerar seg i verdstoppen - ny god worldcup-plassering i dag!

1 des 2012

Magnus Krogh er attende i Kuusamo der han tok sin fyrste worldcup-siger for eitt år sidan. Haukelirennet ynskjer lykke til!

29 nov 2012

Squeezy Energy Drink vil bli servert på drikkestasjonane på Haukelirennet også i 2013.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.