Haukelirennet blir korta ned til 18 km
Juryen har no synfart løypene og melder om fine forhold i løypa akkurat no. Men det er meldt aukande vind på ettermiddagen og juryen ynskjer difor kortare løpstid. Haukelirennet blir korta ned til 18 km.
Løypa vil gå som vanleg opp til Statkraftspurt og matstasjon, deretter vidare i ungdomsrennløypa heilt til mål. Det vil seie ein runde i heile løypa bortsett frå den traséen som ligg vest for fyrste matstasjon. Ungdomsrenntraséen går som normalt.
25. mars 2017
man | tir | ons | tor | fre | lør | søn |
---|---|---|---|---|---|---|
V |