Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt > Høg stemning og nye rekordar i Haukelirennet 2015


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


Høg stemning og nye rekordar i Haukelirennet 2015

11 april 2015

Tett opp mot tusen store og små gjennomførte ulike distansar i Haukelirennet laurdag.

Landslagsløparane Astrid Uhrenholt Jacobsen og Chris Jespersen sette farten på på høg-gir og sette ny løyperekord i dagens renn. Jespersen vann med eit knapt sekund framfor bestevenen og femmilsvinnaren frå Holmenkollen, Sjur Røthe. – Gjett om eg får høyre det resten av kvelden, sa ein humoristisk Røthe til speaker rett etter målgang.

Gode førebilete

Landslagsløparane Astrid Uhrenholt Jacobsen, Chris Jespersen og Sjur Røthe varma til barnas store glede opp i Vennerenn-løypa saman med skiløparar frå 2 til 12 år. Årets VM-debutant og skikomet Ragnhild Haga stilte også opp som motivator og inspirator for dei minste - og det var ikkje fritt for at fleire av barna prøva seg på spurtoppgjer med verdsklassa. Ungdomsrennet, som starta med hovudfeltet som vanleg, hadde også i år mange unge, sterke løparar med i feltet. I den 12 kilometer lange løypa var det Julie Meinicke som var raskast i J12-14 medan Martin Hetland Strand tok seieren i G12-14. I klassa for 15-16 vann Emma Skioldli jenteklassa og Sindre Hydle guteklassa.

God hjelp frå oven

Til alles store glede viste det seg at vêrgudane også var klare for skileik; alle tidlegare meldingar om mykje vind og nedbør viste seg å bli vindstille, delvis sol og mildt vêr. Løypene heldt seg fyrsteklasses og la eit godt grunnlag for ei god oppleving for dei mange hundre løparane. Langs traseen gjorde norske flagg, heiarop og blide fjes gode rammer og fantastisk stemning i høgfjellsterrenget.

Spurt og bratt bakke

I Statkraftspurten tok Sjur Røthe toppremien rett framfor Chris Jespersen. Dei to heldt fylgje gjennom heile den 32 kilometer lange løypa som altså enda i tett duell. I SR-bakken ned mot mål måtte Røthe sjå seg slått av ein lokal skiløpar i den bratte, utfordrande og forholdsvis blaute bakken ned mot mål. Her viste nemleg Runar S. Mathisen frå Vinje IL størst mot og fart og var raskast ned av herrene i år. I dameklassa delte Ragnhild Haga og Astrid Uhrenholt Jacobsen sigaren. 

Motiverande

Arrangøren IL Rein har omlag 220 medlemmer og rundt 110 av desse er i sving for å gjere Haukelirennet til eit solid internasjonalt renn. Me takkar alle som deltok, skapa stemning og gjorde dette rennet til ein svært flott dag!



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.