Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt > Ny deltakarrekord i Haukelirennet 2016


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


Ny deltakarrekord i Haukelirennet 2016

Heile 1261 små og store deltakarar i ulike aldrar gjorde dagens Haukelirenn til den største ski- og folkefesten i Haukelirenn-historia.

Strålande sol, vindstille vêr, norske flagg, heiarop og mange smilande fjes bidrog til at dette åttande internasjonale rennet blei ei stor oppleving for både deltakarar og arrangørar.

Rekordstor fart

Som vanleg var fleire av norsk skielite på startstreken, der vossingen og landslagsløparen Sjur Røthe la bak seg dei 32 kilometarane i rekordfart med den sterke tida 01:08:45. Han kom over målstreken framfor Pål Golberg, Gol IL, og Sindre Bjørnestad Skar, Bærums Verk IF, som tok tredjeplassen. I dameklassa gjekk Astrid Uhrenholt Jacobsen, Heming IL, inn til bestetid på 01:15:32 framfor Emma Skjoldlid, Bulken IL, og Sandra Vestly Sirevåg, Sandnes IL, på tredje.

Det vart lokalt oppgjer om målstreken mellom Runar Skaug Mathisen frå Vinje og Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo. Og Skaug Mathisen var svært nøgd då han slo Romberg Kvaale.

– Heilt topp. Det viktigaste i dag var å slå sambuaren og lagkameraten, sa Skaug Mathisen med glimt i auget.

Gode førebilete

Morosamt var det også at Vennerennet hadde rekordstor oppslutning. Heile 180 born mellom 2 og 12 år fekk i dag konkurrere mot store skiheltar som Astrid Uhrenholt Jacobsen, Sjur Røthe og Pål Golberg. Innsatsen i løypa var stor og det er liten tvil om at konkurranseinstinktet fekk eit «boost» i møte med verdseliten.

Rekruttering

Haukelirennet har heller aldri hatt fleire deltakarar i ungdomklassa. Ei gledeleg utvikling, då me har stor fokus på rekruttering. Ungdomane starta som vanleg saman med aktiv- og mosjonsklassa i hovudfeltet kl 12.30. Det var mange unge, sterke løparar i årets renn. I den 12 kilometer lange løypa var det vest-telen Ingrid Vadder, Morgedal IL, som var raskast i J12-14. Aleksander Elde Holmoe, Bærums Verk IF/Hauger IF, tok seieren i G12-14. I klassene 15-16 vann Mari Fereth Aas jenteklassa og Sindre Hydle, Viljar IL, guteklassa.

Spurt og bratt bakke

I Statkraftspurten etter åtte kilometer, var det Sjur Røthe som overlegent tok topp-premien i herreklassa før Pål Golberg og Sindre Bjørnestad Skar. Astrid Uhrenholt Jacobsen var desidert raskast blant kvinnene, med Emma Skjoldlid som nummer to og Hedda Lundeberg Aas, Skarphedin IL, på tredjeplass.

Røthe måtte sjå seg slått av Sindre Bjørnestad Skar i den krevjande, bratte og forholdsvis blaute SR-bakken ned mot mål. Her er det den som er raskast ned som stikk av med topp-premien. I dameklassa tok også her Astrid Uhrenholt Jacobsen sigeren.

Toppmøte i frisk luft

Fredag kveld sytte Audun Svartdal, Sjur Røthe, Pål Golberg og Astrid Uhrenholt Jacobsen for at ungdom mellom 13 og 16 år fekk skøyteteknikktrening i verdsklasse under «Toppmøtet» i Haukelifjell skisenter. Trass i at løypene hadde blotna i løpet av dagen, var innsatsen stor og motivasjonen høg for å ta til seg nyttige tilbakemeldingar, tips og råd hjå dei omlag 40 deltakarane.

Motiverande

Arrangøren IL Rein har omlag 220 medlemmer og om lag 120 av desse er i sving for å gjere Haukelirennet til eit solid internasjonalt renn. Me takkar alle sponsorar, deltakarar og tilskodarar som skapa fantastisk stemning og gjorde dette rennet til det beste Haukelirennet nokonsinne.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.