Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt > Seeding og organisering av startfelt Haukelirennet 2017


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


Seeding og organisering av startfelt Haukelirennet 2017

Seeding

Haukelirennet legg fylgjande til grunn for kva løparar som skal i seeda gruppe: 

Arrangør nyttar resultatlista for Haukelirennet året før som utgangspunkt for seeding og held dette opp mot FIS punkt. Der det blir tvil eller løpar ikkje har delteke i Haukelirennet tidlegare, brukar arrangøren FIS-punkt som grunnlag for seeding. For å koma med i seeda gruppe må nye løparar må ha betre rangering med utgangspunkt i FIS-punkt enn den løparen på vår seedingsliste med lågast rangering. 

  • Fredag før rennet innan kl. 10.30 legg me ut liste over seeda løparar her på vår heimeside
  • Om du har spørsmål eller krav om seeding på bakgrunn av fyrste publiserte liste, kan du sende epost med ei enkel grunngjeving til rennleiar  trond.flothylSPAMFILTER@haukelirennet.no <trond.flothylSPAMFILTER@haukelirennet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) innan fredag 24. mars 2017 kl. 15.00
  • Juryen stadfester endeleg seedingsliste og publiserer denne her på heimesida innan fredag 24. mars kl. 22.00

Organisering av startfelt

Bak seeda gruppe vil vi dele feltet inn etter forventa slutttid.  

Vi oppmodar deltakarane til å stille seg i det området dei meiner er rett for deira ambisjon og kapasitet. Startfeltet vil bli delt inn i båser med fylgande skilting 

Bås 1: Forventa sluttid under 1 t 45 min

Bås 2: Forventa sluttid 1 t 45 min.-2 t

Bås 3: Forventa sluttid 2 t-2 t 30 min

Bås 4: Forventa sluttid 2 t 30 min eller meir/mosjonklasse/trimklasse

Ungdomsrennet har ikkje seeding og løparar her vil ha eigen bås langt framme på høgre sida i startfeltet.  

Startfeltet opnar kl. 11.50.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.