Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt > Snart klart for skileik og folkefest!


Noregs blidaste turrenn – 14. april 2018


Snart klart for skileik og folkefest!

30 mars 2016

Vinteren er på hell, men det er framleis mogleg å konkurrere i høgfjellet ved Haukelifjell skisenter. Laurdag 9. april går startskotet for årets Haukelirenn.

Rennet er 32 km og eit av dei få turrenna som går i fristil. I nydeleg fjellterreng ved inngangen til Hardangervidda kan du dobbeldanse saman med både mosjonistar, ungdommar og elite.

På startstreken i år finn me kjende namn som Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Sjur Røthe, Ragnhild Haga, Pål Golberg og Sindre Bjørnstad Skar. I tillegg har to av våre lokale utøvarar frå Team Synnfjell, Runar Skaug Mathisen og Eivind Romberg Kvaale meldt seg klare for Haukelirennet.

Ungdomsklassa og mosjonsklassa startar saman med dei aktive i same startfelt.

Det er pengepremiar å vinne i både Statkraftspurten etter om lag 8 kilometer og i den krevjande SR-bakken som ligg i «målhenget».

Klokka 10.30 startar barnerennet der born frå 2 til 12 år startar i puljer saman med eliteutøverane.

Ta turen til Haukelirennet og bli med på skifest og «rein skileik» på solsida av Haukelifjell!

9. april 2016

man tir ons tor fre lør søn
           V  


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.