Link tab title



Haukelirennet > Aktuelt > Vennerennet for alle - ingen krav til utstyr eller prestasjon!


- Rein skileik


Vennerennet for alle - ingen krav til utstyr eller prestasjon!

8 mars 2016

Vennerennet er eit gratis arrangement for born i aldersgruppa 2-12 år. 

Mange opplever store krav til både utstyr og prestasjonar i tidleg alder innan idrett, dette ynskjer Vennerennet å endre fokuset på. Vår oppmoding er difor: Ta med deg dei skia du har, og gå i ditt eige tempo!

Apa, Ted og Elfie ser fram til Vennerennet i år også! Dei held felles oppvarming til fengane musikk kl 10.15.  Etter ein dans eller to, vil Apa stå ved startstreken og starte borna, medan Elfie og Ted ventar på unge løperar i målområdet med varm drikke.

Borna går i aldersblanda klasser. Dei minste frå 2-7 år går 0,5 km i «Ted»-pulja, medan dei største, 8-12 år, går 1 km i «Apa»-pulja. Her er ingen tidtaking, alle får same premie om dei går fort eller seint. Me ynskjer at dette skal vere ein morosam skidag for borna, utan tunge krav over små skuldre. Med andre ord; Rein skileik!

Etter Vennerennet vert det eit lite show oppe ved Vennehytta i barnetrekket. Då vert det endå meir musikk og høve til å treffe dei tre vennene frå Vennebyen på ny. Alle køyrer gratis i barnetrekket etter rennet. Hugs hjelm!

Minner om at dersom born må ha hjelp under Vennerennet, må foresatte ha ski på beina slik at løypa held seg bra for dei andre som skal gå Haukelirennet.

Velkomen til ein morosam vårdag til fjells!



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.