Link tab title



Haukelirennet > Barnerennet


- Rein skileik


Barnerennet

Laurdag 9. april vil fleire av våre største langrennsstjerner inspirere og motivere våre minste langrennsdeltakarar gjennom løypa i barnerennet. Meld borna dine på i dag og gjev dei ein draumedag i barnerennet og Haukelifjell skisenter!

Praktisk info

Gratis påmelding til barnerennet til  elin.kvammenSPAMFILTER@haukelirennet.no <elin.kvammenSPAMFILTER@haukelirennet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Det er også høve til å melde seg på sjølve hjå rennkontoret i Haukelifjell skisenter.

Me deler deltakarane inn i to hovudgrupper. Ei gruppe frå 2 til 7 år (går 0,5 km) og ei frå 8 til 12 år (går 1 km). Deltakarane i desse hovudgruppene delar me så opp aldersblanda startpuljer. Alle foreldre som skal fylgje borna sine gjennom løypa må også gå på ski.

Rennet går i fristil - det er ingen tidtaking, men fine premiar til alle. Oppvarming frå kl 10.15, med start kl. 10.30. Barnerennet går så tidleg at mor og far har tid til å nå starten på Haukelirennet, medan borna kan boltre seg fritt i barnetrekket.

Velkomen til herleg skileik på Haukelifjell!



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.