Haukeliseter Fjellstue

Haukeliseter Fjellstue
Haukeliseter fjellstue er ei turistforeiningshytte tilknytt Stavanger Turistforening. Overnatting i vakre omgjevnader, unike turmoglegheiter og heimelaga mat og bakarvarer.

Om oss

Vi ligg på 987 meter over havnivå. Hos oss får du overnatting i vakre omgjevnader, unike turmoglegheiter og heimelaga mat og bakevarer tilverka av lokale råvarer.

Romma våre dekker ulike standardar. Fjellromma har toalett og dusj inne på rommet, sjølvstelleromma har ein liten kjøkenkrok på rommet og felles toalett i korridoren utanfor, medan på sovesal og stabbur er det sjølve senga ein reserverer. Det er òg mogleg å reservere heile rommet om du ikkje vil dele det med andre fjellturistar.

Aktivitetane du kan halde på med her, rommar alt frå private ski-eller fjellturar til fellesarrangement som kitekurs, skredkurs, singel på fjellet og så bort etter. På laurdagar og nokre andre dagar i høgsesong, kan du nyte villmarksspaet vårt etter ein dag ute i naturen. Vi har både utandørs badestamp og badstue med ei fantastisk utsikt over Ståvatn og fjellrekka bak.

Matserveringa vår treff ulike smakar og behov. Er du på veg over fjellet, er det raskt og enkelt å kjøpe rømmegraut, suppe eller kjøtkaker frå buffeen, eller kanskje det rekk med herlege, nybaka bollar frå Bakeri Nansen? Vi har òg andre «àla carte» -rettar som du kan bestille frå Fjellmenyen vår. For buande gjestar som vil ha ei meir eksklusiv matoppleving i helger og høgtider, tilbyr vi tre rettars middag som eit alternativ. Her må du avtale bordsetjing med resepsjonen på førehand.

Vi held ope kvar dag heile året mellom kl. 08.00 og 22.30. Om du kjem fram etter kl. 22.00, ber vi om at du tek kontakt med resepsjonen på info@haukeliseter.no

OPNINGSTIDER I HAUST

Resepsjonen
Måndag – fredag: 08.00 – 22.00
Laurdag og sundag: 07.30 – 22.30

Venlegast gje beskjed til resepsjonen ved ankomst seinere enn kl. 21.30.

Frokost
Måndag – fredag: 08.00 – 10.00
Laurdag og sundag: 07.30 – 10.00

Fjellmeny
Måndag – sundag: 12.00 – 20.00 *Buffet til 20.30

Treretters middag
Fredag og laurdag, bordsetting klokka 18.00 eller 20.00
Trerettars middag må førehandsbestillast.

Bakeri Nansen
Utsalg i hovudbygget frå klokka 10.00 – 16.00

Villmarksspa
Stamp og badstue laurdag: 16.00 – 22.00

Badstoga kan brukas også øvrige dagar, men då må gjesten(e) sjølv ta ansvar for fyring.

For bestilling eller andre førespurnader, info@haukeliseter.no eller bestill direkte sjølv på Haukeliseter.no

Haukeliseter logo

Haukeliseter Fjellstue

Kontaktinformasjon

Bilete

Haukeliseter badestamp villmarksspa
Familietur til Haukeliseter fjellstue en vakker helg i november.
Haukeliseter Marius Dahlseg
Haukeliseter. Mars 2020.

Kva skjer på Haukeli?

Oversikt

Påske på Haukelifjell Skisenter

Påske er rett rundt hjørnet, og påske snøen er i alle fall sikret til påsken denne sesongen! Vi har ett tett program gjennom påske med

En barn som holder en appelsin på skitur

Påskeprogram

Velkomen til fjellpåske på Haukelifjell! Under kan du sjå noko av det som skjer her i påska. I tillegg kan me nemne at refleksologen har

nn_NO

Haukeliseter Fjellstue
har ikkje online-booking

Booking via e-post eller telefon.

Ta kontakt på info@haukeliseter.no

Vi utfører vedlikehald på nettstaden, for gje deg en enda betre brukaropleving! 

Overnatting kan mangle tekst, bilete og info.